Andre opplysninger


Fedje

er eit lite kystsamfunn mot Nordsjøen, ei lav øy i ein heil armada av rundt 125 mindre øyer, holmar og skjær. Eit lite stykke Noreg ute i havgapet, og ein forpost for landet innanfor.

Her bur «Fedjingen», og trivst med det. Det bles frå nord, og det bles frå sør, – og iblant er det vindstille. Og ofte er det opplett, for skyene driv innover til fjordar og fjell.

Fedje har rundt 600 innbyggjarar, og har ein storleik på 9,3 km2. Det høgaste punktet er «Feibjørnen», som er 42 m.o.h.

«M/S Fedjefjord» tar deg med ut på bølgjene på ein 30 minuttars tur før du kjem til øya ute i havgapet.
Ferjekaien på Fedje er samlepunktet for øyas innbyggjarar. Herifrå kan du vandre til fots gjennom kystlandskapet rundt øya, kor frisk sjøluft og saltvannsbris er som balsam for sjela di.

Turistinformasjonen er berre ein 2 minuttars spasertur frå ferjekaien (50 meter til høgre), i lokala til Pernillekafeen, der du får servert nydelege, lokale rettar.

 



Innseiling

Godt merka innsegling til hovudhamna.

Fortøyning

Flytebrygger ved Holmen. Fleire fendra kaiar rundt heile hamna.

Vind

Godt skjerma, nokre av kaiane utsett for nordavind.

Nærmeste gjestehavn

Byrknesøy



Leave a Reply